Draumen - Glittertind

Draumen - Glittertind

Альбом
Blåne For Blåne
Год
2015
Язык
`norska`
Длительность
283040

Nedan finns texten till låten Draumen , artist - Glittertind med översättning

Låttexten " Draumen "

Originaltext med översättning

Draumen

Glittertind

Det var natt,

og du låg og såg i taket.

Og du tenkte du må ut —

Det kan hende det er noko

du har gløymt —

Og at alt ikkje er ondt

slik du har drøymt.

Så du gjekk,

ut og dreiv omkring i skogen.

Då med eit så fekk du sjå -

Ein himmel opna seg

så klår og rein —

Og våren lo til deg

frå kvar ei grein.

Han sa: Per, å, du Per,

Å hei, og hopp!

— og er du no der!

Og kjenner du ikkje,

ikveld, ikveld,

På eit strå,

så kraup ei lita larve.

Og du tenkte det var deg —

Kvifor byrjar alt det vakre

i det små?

Kvifor vere blind for alt

når du kan sjå?

Så du drakk,

ut av duft frå gras og blomar.

Og du blåste frå din barm —

Alt det skrotet og

det skrapet frå ifjor —

Det tok vinden opp

og vifta så det fór.

Han sa: Per, å, du Per,

ko-ko, titt-titt!

— og er du no der!

Og kjenner du ikkje,

ikveld, ikveld,

Ja, du Per, å, du Per,

Å hei, hurra!

— no er han her!

Og det kan han kjenna

ikveld, ikveld,

at livet, det er no det likaste lell!

2+ miljoner sångtexter

Låtar på olika språk

Översättningar

Högkvalitativa översättningar till alla språk

Snabbsökning

Hitta texterna du behöver på några sekunder