Dette landet - Odd Nordstoga

Dette landet - Odd Nordstoga

Альбом
Dette landet
Год
2015
Язык
`norska`
Длительность
238230

Nedan finns texten till låten Dette landet , artist - Odd Nordstoga med översättning

Låttexten " Dette landet "

Originaltext med översättning

Dette landet

Odd Nordstoga

Ville berre sei eit ord

Ville peike på eit spor

Ville skru musikken ned og gje beskjed

Ville leite fram ei sak

Som ligg og støvar ned der bak

Som er sann om den er gløymd og skitna til

Ville sei deg som min bror

Dette landet er di mor

Ville seia det av glede og av trong

Til å minnast den fine og heimlege hamn

Som gjev luft og vide venger for min song

Skulle gjerne nok ein gong

Syngje fjellets store song

Om breane og viddene og snøen

Men eg vender blikket ned

Og så stansar eg ved det

Som gror av trass og vilje utpå bøen

Ville sei deg som min bror

Dette landet er di mor

Ville sei det som eg meinte det eg sa

Som eg tok av meg lua for blomar og blad

Og takka det frå inni meg ein stad

Og alltid er det lite me kan gjera

For Noreg er ein liten prikk i nord

Men paven er ein liten prikk i Roma

Så slik sett så er kongen like stor

Det er ‘kje sant at her er lite, me er mange

Det er ‘kje sant at her er smått, nei her er stort

Og det er sant det, at me elskar dette landet

Og den du møter etter vegen er din bror

Ville berre sei eit ord

Ville peike på eit spor

Ei bøn ifrå den store blåe jord

Ifrå skog og ifrå hav

Ifrå alt me haustar av

At me snart må finne vegen ut av ord

For det ropar til oss, bror

Dette landet er vår mor!

For det ropar på vår ære og vårt band

Til å vara den fine og heimlege hamn

Som lyser oss imot og er vårt land

2+ miljoner sångtexter

Låtar på olika språk

Översättningar

Högkvalitativa översättningar till alla språk

Snabbsökning

Hitta texterna du behöver på några sekunder