Armod - Mistur

Armod - Mistur

  • Альбом: Attende

  • Utgivningsår: 2009
  • Språk: norska
  • Varaktighet: 7:46

Nedan finns texten till låten Armod , artist - Mistur med översättning

Låttexten " Armod "

Originaltext med översättning

Armod

Mistur

Gudane sine isande vindar

Pustar i glørne

Svart jarn skal smiast

Det stundar mot strid

Gudane sitt renkespel

Legg kvar ein mann sitt sinn i mørkre

Sviket ligg tett oppunder huda

Når kampen er mot armod og svolt

Marka, gold, kald og hard

Gjer menn til beist når dei no spring i hast

Mot næraste grannegard vergelaus den ligg

For nauda har tvunge grannen ut i viking

So her kan sviket herja

Skrik og otte

Angest og daud

Er det som har kome til garden

Ei plyndring

Av korn, buskap og uskuld

Og ei ætteline endar

I ein lòge av eld

Endeleg eit langskip bryt stille hav

På sin heimveg, no skal det feirast

Eit tokt er kruna med siger og hell

Ein krigar tenkjer

I kveld vert det lått på garden

Svart i augo lik ein hund frå Helheim

Kjem ein granne med bod om hemn

Denne natta held dauden ei veitsle

For dei arme svikarar

Og når dei alle har andast

Ein siste gong

Står grannen bøygd med vissa

Om at sjela si armod aldri vert sløkt

2+ miljoner sångtexter

Låtar på olika språk

Översättningar

Högkvalitativa översättningar till alla språk

Snabbsökning

Hitta texterna du behöver på några sekunder